Framme på senteret! Høgdepunktet er utan tvil å møte borna. Det er dei som er sentrum for vår merksemd. I tillegg varmar det sjølvsagt å møte så venlege folk som dei som jobbar på senteret. Vi var venta og aktivitetane under opphaldet er godt planlagt. Når vi har fått innblikk i dei ulike aktivitetane vil vi siste halvdel av opphaldet kunne velgje ut det vi ynskjer å sjå nærare på. I dag var skulen på senteret i vår fokus. Borna som bur på senteret får primært behandling for ulike fysiske handikapp som klumpfot, etter brannskadar, gamle bruddskadar etc, men samtidig får også borna skulegang slik at dei ikkje skal henge etter jamnaldrande fagleg sett når dei kjem attende til sin lokale skule. Skulen held dagleg undervisning frå kl 09-12 og 14-17. Der inngår skrive, lese og rekneundervisning, men også sosial trening, samhandling og begrepstrening. I dag skulle elevane blant anna teikne og skrive om familien og heimen sin for å få eit bevisst forhold til det. Nokre av elevane evnar dette godt, andre manglar eit grunnleggande begrepsapparat som gjer det mogeleg å løyse enkle oppgåver. Elevmassen varierer naturleg nok på senteret. Akkurat no er dei yngste seks år og den eldste 16 år. For tida er der også tre praksisstudentar frå universitetet i Gulu og Makerereuniversitetet i Kampala. Utfordringa er å få til effektivitet og eit godt tilpassa opplegg for kvar enkelt elev i tråd med planane for det skuletrinnet dei skal attende til etter rehabiliteringsopphaldet. Det skal bli interessant å besøke dei ulike skulane i ditriktet.