Tre fasinerande timar med vår venn Richard gjennom Lira by. Dei fleste seier der bur rundt 90000. I byen har folk si eiga vesle bod. Dei sit på rad og rekkje og sel det same, bod på bod, sin vesle butikk. Der har dei sin heim, sengene i eit rom bak disken. Ingen ansatte, berre ein og ein med eller utan familie. Konkurransen er hard. Når vi som kvite kjem forbi er det kamp om pengane våre. Går vi litt lenger endrar vareutvalet seg, men dei sel berre det eine, om ikkje det er ein asiat som har opna supermarknad, då er utvalet større, kanskje med fleire ansatte. Men folk er hyggelege og smiler. Det første dei seier når dei ser oss eller helsar på oss er mono, `kvit`. Trudde først dei presenterte seg med namn. Men alle sa det same.
Dei handlar inn hjå grossist, kjøper billig av nokon og sel vidare litt dyrare eller dei dyrkar sjølv alt etter størrelsen og innhaldet på butikken. Èin sel løk, ein annan gulrot, èin har ansjos. Mange sit godt, halvvegs liggande oppe på disken saman med løken eller gulrøtene. Treng kvile – det er tung å stå slik heile dagen. Èin leiger ut sin eine bil, èin har sin eine bodaboda, som er ein sykkel eller motorsykkeldrosje – alltid på jakt etter ein å transportere. Symaskiner på rad og rekkje – reparerer kle, dukar, gardiner, mange er også skreddarar som på to dagar syr ei dressjakke, står opp klokka seks og jobbar til seks, sa han, viste stolt fram ei halvferdig jakke med sluttpris 100000 ugandiske shilling, 230 kr. Èin vaskar kle og leverer attende reine og fine – kanskje han i tillegg har sitt kullstrykejarn som han pressar buksene med. Vi ser fersk fisk, nyslakta uplukka høner, møbelsnekkarar som står på gata og snekrar sine skap, alle med same sort skap boretter, sal av nymalt maismjøl, reparasjon av elektriske apparat. Nesten ingen kooperativ. Alle kvar for seg. Nokre unntak ser vi likevel. Vår venn Richard, sjåføren på senteret, jobba tidlegare på eit bilutleigefirma. Her sit dei ansatte, sjåførane, svært hyggelege og smilande, og ventar på kundar. Dei har fleire titals bilar, men lite å gjere denne dagen. Vi går også innom ein bilverkstad. Bilane ventar på reparasjon og der sit mange mekanikarar, fire av dei jobbar med same bilen, dei andre sit og ser på. Rundt hjørnet ligg ein svær haug med gamle bildekk, med folk i gong med å skjære dei opp til gummisandalar, haugar med sandalar. Rundt neste hjørne kjem ein mann som vil selgje sine sjølvhamra kjettingar, bøygde til med handemakt, laga av bremsevirar frå gamle bussar. Så kjem plutseleg to gjetarar forbi med ein flokk sauer, hønene spring overalt, geitene finn mat litt her og litt der, små bål rundt om der søppel brenn, opne lastebilar tettpakka med kyr, sauer og geiter klar for avgang til Sudan. Etter ein rundgang, der til og med Johannes, etter å lenge ha klart å halde orden på retninga attende til hotellet, hadde mista han, er vi attende i hovudgata. Vi passerer eit stort, halvferdig byggeprosjekt, eit statleg finansierte kjøpesenteret for byen der mange av einmannsforetaka skal inn. Det blir spennande å sjå korleis det endar.
Etter 10 minuttar gange endrar gata namn til Obote Avenue, oppkalla etter byens store helt, tidlegare president Obote. Turen er slutt, vi sit nok ein gong på hotellet. Varmen stig til nærare 30 grader. Etter ein svær porsjon lunsj sloknar både Johannes og eg på rommet vårt. Når vi vaknar møter vi det mest voldsmomme tordenveret vi har sett og høyrt, regnet står som ein vegg. Etter ein halvtime er det over, sola skin att. Vi er i Lira Town.
Så spennende, Idar! Du skriver godt!
Gleder meg til fortsettelsen 🙂
Fasinerende og spennende. Må være mange inntrykk dere tar innover dere… Skulle du tenke på et annet virke en dag, Idar, må du bli forfatter på heltid. Jeg kjøper bøkene dine 🙂 En råbra historieforteller!
Denne «boken» Idar er vanskelig å legge fra seg. Du skriver billedlig, levende og ærlig. Du treffer meg og mine, både i hodet og hjertet!