Så var tida endeleg komen for landsbybesøk. Adina driv eit mangfaldig arbeid. Til no har vi stort sett vore på senteret og fulgt arbeidet med fysioterapi og skule. Borna på senteret er filtrert og klarert gjennom eit samarbeid med lokale myndigheter etter bestemte kriterier. Familiane til borna som får tilbod om opphald på senteret er også med i ulike delar av Adina si verksemd. Dette er hjelp til inntektsbringande arbeid, opplæring omkring vern av barns velferd og rettar, forebygging av vold i heimen, skrive/lese/rekneopplæring for foreldre, spare og låne-grupper, relasjonsbyggande trening for familien m.m. Denne delen av arbeidet var det vi besøkte no. Etter ein køyretur på ein smal sti, med høgt gras, kratt, sump, banantre, rullestolane på taket skrapande opp i greiner frå mangotre, kom vi til ei klynge med runde jordhytter og stråtak. Hønene og kyllingane sprang rundt, geitene like så. Hanen, den største eg har sett, var meir verdig. Ingen stress der i garden.
Vi var venta. Dei tok imot oss med song, dans og trommer, blomster i håret, smilande og venlege ansikt. Polonaise der vi sjølvsagt vart innlemma tok oss fram til samlingspunktet mellom hyttene. Litt pinleg å vere dei som kan settje seg ned på stolar medan landsbyfolket sit på bakken. Vi er ikkje vane med slikt. Men her er dette teikn på djup respekt og glede over å kunne ta imot besøk. Så byrja rituala med bøn, forklaringar og presentasjonar. Dette er svært nøye og kan ta lang tid. Alle fortel kven dei er, kva slags funksjon dei har, kva som er gjort, hensikt med møtet osv, også vi. Helsingar høyrer med. Slik er det i alle samanhengar der folk set seg saman i eit møte. Vi fekk også ein presentasjon av låne- og spareordninga med framvising av pengekassa med tre hengelåsar, som kan opnast kun med dei tre som har nøklane til stades samstundes. Så gjennomgang av summane som er spart, ganske imponerande faktisk. Lån som vert tekne opp og betalt attende med renter, går til ulike formål som mellom anna oppstart av inntekstbringande verksemd og skulepengar til borna.
Så var det dans att, som breakdance heime. Alle, i alle fall gjestane, måtte inn i ringen og vise seg fram med improvisert dans.
Deretter byrja arbeidet vi var komne for å gjere; gjennomføre ei undersøking omkring effekten av Adina sitt arbeid med borna og i landsbyen generelt. Vi intervjua ca 20, èin om gongen , som var eit stort antal av dei vaksne der. Resultatet skal inn i rapportar til ulike sponsorar, men viktigast er at det skal føre til ei betring av arbeidet Adina driv. Folk er jamt over svært fornøgd. Spesielt trekkjer dei fram at Adina fylgjer opp arbeidet som er satt i gong – dei startar ikkje opp og så trekkjer seg attende før ein veit at tida er inne for det. Representativt for alle fortalde ein ungdom på 17-18 år rørande om dramaarbeidet knytt til problema med familievald. Dei lagar dramastykke med illustrasjon av problema i ein familie og korleis konsekvensane av dette kan øydelegge ein familie og eit samfunn. Så spelar dei det motsatte, nemleg kva som kan skje når familiemedlemmane tek vare på kvarandre og bevisst jobbar fram gode relasjonar. Dette gjev svært effektiv læring og som han sa med tårer i augene: «Now my parents love each other.» Det formidlar om ikkje anna hans takksemd over meir glede og tryggleik i famlien. Så og seie alle intervjua viste det same.
Så var vi ferdige. Nye helsingar og oppsummeringar, avsluttande bøn og ynskje om lukke og velsigning over vidare arbeid.