The White Ant

Forrige kvelden fekk vi oppleve noko heilt spesielt, noko som skjer i Uganda berre to gongar i året. Etter mykje regn, slik det var eit par dagar her, kjem dei fram i tusental, millionar, milliardar. Dei er overalt på èin gong, ein skikkeleg boost til økosystemet, som Johannes kallar det. Dei lever ikkje lenge, berre nokre timar, eit døgn om dei er heldige. Mauren, eller termitten som det eigentleg er, ligg først som larvar i botnen på termitthaugane vi ser overalt. Det verkar nesten som desse haugane er heilage. Ingen fjernar dei same kvar dei ligg. Dei ligg like gjerne inn til eit hus som fritt ute i audemarka.
imagesCAR12129

imagesCAV7RDZG

Insekta går etter lyset, så når vi sat der i restauranten kom dei, flygande med sine doble vingepar, med omlag 7-8 cm vingespenn. Først 10-12, så 30-40, så auka det berre på. Dei flaug rundt lokalet, stupte etterkvart til golvet. Særleg flyygedyktige er dei ikkje og kreftene tek raskt slutt. Då blir dei også eit lett bytte for dei andre som kjem fram. Gekkoane kom lang veggane, froskane kom i enda større mengder enn vanleg på utegangane på hotellområdet, slangane kjem også fram meir uhemma desse kveldane, men dei såg ikkje vi. Etterkvart kom millionar av dei, så tett at det nesten ikkje var mogeleg å sjå framfor seg. Johannes fekk med seg alt der han sat att i restauranten.
article-new_ehow_images_a06_v5_a3_plants-deter-termites-1.1-800x800[1]

formosan-termite-swarmers-alates_367x493[1]
Denne natta går folk amok i Uganda. Ein viktig bit i ugandisk kultur. Dei samlar i bøtter og spann så mykje dei klarar. Vi snakka med vaktmeistrane på hotellet denne natta. Dei sanka ivrig inn, var lukkelege og forklarte med glede. Så foredlar folk varen. Neste dag legg dei termittane ut over alle stadar. I sola tørkar dei nokre timar, deretter tek dei av vingene og sit att med kroppen. Denne steiker eller kokar dei og gjer klar til den finaste delikatesse. Folk i Uganda elskar dette. Når dei gjev det til kvarandre er det som eit teikn på venskap. Mannen gjev det også til sin komande hustru når dei skal gifte seg. Folk et det som snacks. Minner om baconchips.
Og som venta inviterte dei oss til å ete dette fantastiske. Vi er jo deira vener og slikt gjev dei venene sine. Det var berre å mobilisere for å overbevise seg sjølv om at «dette er chips, det er ikkje termittar, det er ikkje maur, berre salt chips, godt, nam nam.» Vi åt ei handfull kvar. Smaken var overraskande god! Dei som har samla heile natta, gjerne dei fattigaste, sel vidunderet på markedet til god pris. Dei med pengar kjøper og et det på laurdagskveldane. Dei kan ha det liggande eit år på spiskammerset. Så er det eit halvt år til neste gong.
imagesCAJY259S

Johannes

Johannes imponerer! Dei som kjenner han veit jo at han er flink, men det er flott når han viser det fram og andre merkar det. I går hadde vi eit lite møte med Sam Atul, leiaren for senteret. Han er ein svært dyktig mann med god kjennskap til landet, politikken, historien, utfordringane. Men også gode refleksjonar omkring løysingar. Han er i tillegg smart så det blir ikkje pinleg om spørsmåla og problemstillingane blir kompliserte. Når det er slik blomstar Johannes. Hans innspel og refleksjonar gjorde inntrykk på Sam. På senteret er det på same måten. Hans spørsmål og innspel til dei ansatte, samt hans velutvikla sosiale ferdigheter gjer han godt likt og interessant å snakke med. I tillegg også skryt for å lære luo, språket her, raskt. Uttale som ein innfødd! Det er kjekt! Han har også talent som lærar. Set seg ned, spesielt med dei svakaste, og jobbar tålmodig og målretta. Dette viser seg også i aktivitet ute. Ingenting er tilfeldig, sjølv når vi spelar volleyball. Alltid ute etter å gjere borna flinke og inkludere dei som fell på utsida.
SAMSUNG CSC
Hans innspel til løysingar på dei store spørsmåla for landet går i retning av opplæring til samarbeid som igjen kan føre til verdiskaping i samfunnet, bl.a. ved etablering av kooperativ. Det handlar også om kvalitet på borna sin skulegang, høgare utdanning av og gode rammevilkår for dyktige fagfolk og gode rollemodellar, samt politisk enighet om kva landet skal satse på og gjennomføre implementering av dette i alle samfunnsområder som kan tenkjast påverkar utkomet. Ingenting av dette er desverre opplagt for mange i Uganda.
SAMSUNG CSC

Lira town

Tre fasinerande timar med vår venn Richard gjennom Lira by. Dei fleste seier der bur rundt 90000. I byen har folk si eiga vesle bod. Dei sit på rad og rekkje og sel det same, bod på bod, sin vesle butikk. Der har dei sin heim, sengene i eit rom bak disken. Ingen ansatte, berre ein og ein med eller utan familie. Konkurransen er hard. Når vi som kvite kjem forbi er det kamp om pengane våre. Går vi litt lenger endrar vareutvalet seg, men dei sel berre det eine, om ikkje det er ein asiat som har opna supermarknad, då er utvalet større, kanskje med fleire ansatte. Men folk er hyggelege og smiler. Det første dei seier når dei ser oss eller helsar på oss er mono, `kvit`. Trudde først dei presenterte seg med namn. Men alle sa det same.

0[2]

IMG_0485
Dei handlar inn hjå grossist, kjøper billig av nokon og sel vidare litt dyrare eller dei dyrkar sjølv alt etter størrelsen og innhaldet på butikken. Èin sel løk, ein annan gulrot, èin har ansjos. Mange sit godt, halvvegs liggande oppe på disken saman med løken eller gulrøtene. Treng kvile – det er tung å stå slik heile dagen. Èin leiger ut sin eine bil, èin har sin eine bodaboda, som er ein sykkel eller motorsykkeldrosje – alltid på jakt etter ein å transportere. Symaskiner på rad og rekkje – reparerer kle, dukar, gardiner, mange er også skreddarar som på to dagar syr ei dressjakke, står opp klokka seks og jobbar til seks, sa han, viste stolt fram ei halvferdig jakke med sluttpris 100000 ugandiske shilling, 230 kr. Èin vaskar kle og leverer attende reine og fine – kanskje han i tillegg har sitt kullstrykejarn som han pressar buksene med. Vi ser fersk fisk, nyslakta uplukka høner, møbelsnekkarar som står på gata og snekrar sine skap, alle med same sort skap boretter, sal av nymalt maismjøl, reparasjon av elektriske apparat. Nesten ingen kooperativ. Alle kvar for seg. Nokre unntak ser vi likevel. Vår venn Richard, sjåføren på senteret, jobba tidlegare på eit bilutleigefirma. Her sit dei ansatte, sjåførane, svært hyggelege og smilande, og ventar på kundar. Dei har fleire titals bilar, men lite å gjere denne dagen. Vi går også innom ein bilverkstad. Bilane ventar på reparasjon og der sit mange mekanikarar, fire av dei jobbar med same bilen, dei andre sit og ser på. Rundt hjørnet ligg ein svær haug med gamle bildekk, med folk i gong med å skjære dei opp til gummisandalar, haugar med sandalar. Rundt neste hjørne kjem ein mann som vil selgje sine sjølvhamra kjettingar, bøygde til med handemakt, laga av bremsevirar frå gamle bussar. Så kjem plutseleg to gjetarar forbi med ein flokk sauer, hønene spring overalt, geitene finn mat litt her og litt der, små bål rundt om der søppel brenn, opne lastebilar tettpakka med kyr, sauer og geiter klar for avgang til Sudan. Etter ein rundgang, der til og med Johannes, etter å lenge ha klart å halde orden på retninga attende til hotellet, hadde mista han, er vi attende i hovudgata. Vi passerer eit stort, halvferdig byggeprosjekt, eit statleg finansierte kjøpesenteret for byen der mange av einmannsforetaka skal inn. Det blir spennande å sjå korleis det endar.

0[4]

SAMSUNG CSC

Etter 10 minuttar gange endrar gata namn til Obote Avenue, oppkalla etter byens store helt, tidlegare president Obote. Turen er slutt, vi sit nok ein gong på hotellet. Varmen stig til nærare 30 grader. Etter ein svær porsjon lunsj sloknar både Johannes og eg på rommet vårt. Når vi vaknar møter vi det mest voldsmomme tordenveret vi har sett og høyrt, regnet står som ein vegg. Etter ein halvtime er det over, sola skin att. Vi er i Lira Town.

IMG_0501IMG_0500IMG_0495

Lira Rehabilitation Centre

Framme på senteret! Høgdepunktet er utan tvil å møte borna. Det er dei som er sentrum for vår merksemd. I tillegg varmar det sjølvsagt å møte så venlege folk som dei som jobbar på senteret. Vi var venta og aktivitetane under opphaldet er godt planlagt. Når vi har fått innblikk i dei ulike aktivitetane vil vi siste halvdel av opphaldet kunne velgje ut det vi ynskjer å sjå nærare på. I dag var skulen på senteret i vår fokus. Borna som bur på senteret får primært behandling for ulike fysiske handikapp som klumpfot, etter brannskadar, gamle bruddskadar etc, men samtidig får også borna skulegang slik at dei ikkje skal henge etter jamnaldrande fagleg sett når dei kjem attende til sin lokale skule. Skulen held dagleg undervisning frå kl 09-12 og 14-17. Der inngår skrive, lese og rekneundervisning, men også sosial trening, samhandling og begrepstrening. I dag skulle elevane blant anna teikne og skrive om familien og heimen sin for å få eit bevisst forhold til det. Nokre av elevane evnar dette godt, andre manglar eit grunnleggande begrepsapparat som gjer det mogeleg å løyse enkle oppgåver. Elevmassen varierer naturleg nok på senteret. Akkurat no er dei yngste seks år og den eldste 16 år. For tida er der også tre praksisstudentar frå universitetet i Gulu og Makerereuniversitetet i Kampala. Utfordringa er å få til effektivitet og eit godt tilpassa opplegg for kvar enkelt elev i tråd med planane for det skuletrinnet dei skal attende til etter rehabiliteringsopphaldet. Det skal bli interessant å besøke dei ulike skulane i ditriktet.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Reisa

KLM funkar som berre det. Og trass i enkle forhold på Entebbe var flyplassen effektiv nok i massevis. Etter ein fortreffeleg frokost i Kampala og eit både hyggeleg og interessant møte med eit parlamentsmedlem i Kampala med ansvar for funksjonshemma i Nord-Uganda bar det nordover med sjåfør frå senteret der vi skal tilbringe resten av tida som Volunteers. Det var spennande nok for oss med seks timar i bil der vi passerte Nilen, ugjennomtrengelege skogar, jordhytter, bavianar og mange ukjende synsinntrykk.
Bavian
Folkeliv langs veien 2
Neste veke skal vi reise rundt og bli kjend med alle delar av Lira Rehabilitation Centre, http://www.adina.no/rehabilitation-centre-uganda/, sitt arbeid. Vi skal også besøke samarbeidspartnaren Children of Peace, http://childrenofpeaceuganda.com/, og denne flotte organisasjonen sin grunnlegger og executive director Jane Ekayu. Dei jobbar med rehabilitering av tidlegare barnesoldatar. Jane har reist rundt i verda som anerkjend foredragsholdar om dette viktige arbeidet og med fokus på Joseph Kony og hans geriljahær LRA som har kidnappa titusenvis av born og som, heldigvis i mindre grad no, fortsatt herjar i Uganda sine naboland. Vi kjem dei neste vekene til å få del i grufulle historiar frå nokre av dei som har lidd under dette.
Når vi reiste frå Kampala i dag, såg vi eit knippe kvite ved frokosten. Etter å ha nådd Lira er kvite definitivt ikkje eit dagleg syn. Det vil ta litt tid å venne seg til det, men vi er sikre på at det er sunt å kjenne på dette òg.

Reiseklar

Om to dagar reiser min eldste son og eg på eit månadslangt opphald i Uganda. Vi skal vere observatørar og arbeide på Lira Rehabilitation Centre i regi av Adina Foundation Uganda, lokalisert i Lira i Nord-Uganda. Senteret jobbar bl.a. med rehabilitering av funksjonshemma born og støtte og opplæring til borna sine familiar ute i landsbyane i distriktet. Borna kan bu på senteret opp til ca. 3 månader om gangen og samtidig få skulegang på senteret. Området har tidlegare vore herja av borgarkrig og titusenvis av born har blitt kidnappa av geriljahæren LRA og brukt som barnesoldatar og sexslavar. Behovet for hjelp er stort, ikkje minst for funksjonshemma born og ungdom. Det krevst eit mangesidig rehabiliteringsarbeid for å hjelpe dei attende til eit meiningsfullt liv i sine lokalsamfunn.
Adina-stiftelsen med Hilde Sandnes i spissen har lagt fantastisk godt til rette for opphaldet vårt. Vi ser fram til spennande og lærerike dagar og vonar også å kunne bidra med erfaring og kompetanse til arbeidet dei driv.
Vi vil dele erfaringa frå opphaldet gjennom denne bloggen den neste månaden.