Etter mildt påtrykk kjem det også eit blogginnlegg om safarituren vår.
Kontrasten er stor frå Lira til ein safarilodge. Murchison Falls National Park er den største nasjonalparken i Uganda, 3480 km2. Gjennom parken renn Nilen, nærare bestemt The Victoria Nile, stille og brei eller som store fossefall, gjennom regnskog, sump og savannelandskap og gjev opphav til eit mangfald av dyr og fuglar. Her lever tusenvis av flodhestar opptil 3 tonn og krokodiller på 5-6 meter, svære beist. Berre elefanten og nashornet er større. Å bade i Nilen ville vere den sikre død. Mennesket er ikkje eit byttedyr for den grasetande hesten, som minner meir om ein svær gris trass i at den næraste slektningen er kvalen, men likevel er det eit av dei dyra som tek livet av flest menneske. Det er faktisk eit av dei mest aggresive dyra i verda. Den vesle båten vår seig sakte forbi store flokkar toppa med ei og anna solslikkande krokodille med halvopen kjeft, tilsynelatande arrogant og lat, likevel alltid på vakt for flodhesten sine knusande kjevar.
Så, endeleg stod dei der, elefantane. Ikkje mange, men for eit syn! Det store dyret 50 meter framfor oss. Opptil 10 tonn, likevel så grasiøs der han utan sut vandrar rundt og et alt av plantar som nøtter, frukt, røter og gras, opptil 200 kg på ein dag. Dei kjem gjerne ned til elva ein gong om dagen for å supe i seg eit par hundre liter vatn. Etter nokre minutt med augekontakt lunta dei inn i skogen att.
Den to timar lange båturen gjekk inn til det kjende Murchison Fall, ein foss, 45 meter høg der 300 kubikkmeter med vatn pr sekund vert slusa med stor fart gjennom ei lita kløft, mindre enn 10 meter brei. Utanom dei store dyra fekk vi med oss eit mangfald av ulike fugleartar som ørn, gribb, hegre, stork og mange fleire, i alle fargar. Uganda er kjend for sitt fugleliv.
Bilturen, jeepen, starta tidleg. Klokka halv sju, før sola stod opp, var vi på veg. Det var ei oppleving for seg sjølv å få med seg soloppgangen der vi speida etter giraffar, løver, bøffel, leopard og meir til. Vi hadde eit løynleg håp om å sjå løver. Der er i alt rundt 170 av dei. Etter hektisk telefoni mellom sjåførane trudde vi dei var sirkla inn, men neida, ikkje ei løve å sjå. Og leopardane er som gaupene heime i Noreg, berre få ser dei. Det er heller ikkje så mange av dei. Ingen veit vel kor mange der dei gøymer seg vekk og lever sitt tilbaketrekte liv. Men flokkar med giraffar, ei hyene, sjakalar, villsvin, bøflar, elefantar og fleire slag antiloper såg vi mange av. Vi passerte rett forbi to kjempande hanngiraffar som på forundarleg vis sloss i fleire timar der dei kasta sine lange halsar mot kvarandre med stor kraft. Av og til knekk halsen. Det gjekk bra så lenge vi var vitne.
Det mest fryktinngytande dyret i Aftika er kanskje bøffelen. Dei kan vere svært farlege og eit menneske ute av bilen er i umiddelbar livsfare. Berre løvene tek bøffel, men det trengs gjerne fleire løver for ei så stor oppgåve. Vanlegvis lever dei fredeleg både i sumplandskap og ute på savannene, der dei et gras kun avbrutt av ein dagleg dose vatn. Vi passerte store flokkar på kanskje fleire hundre dyr. Dei farlegaste, i følge guiden vår, er dei einslege hannane, utstøytt av flokken, kanskje slått lag med eit par andre utstøytte oksar. Vi møtte på nokre, men trygt plassert i det store dyret, bilen, var dei ikkje ein trussel mot oss.
Det mest nervepirrande augneblinket for oss var på ein fottur neste dag der vi plutseleg høyrde ein stor lyd rett bak oss i skogen. Guiden greip rifla. Det var noko så sjeldan som ein flodhest på land, midt på dagen. Dei ligg vanlegvis i vatnet heile dagen, men det hender at dei går på land om dagen inne i skogen, i ly for sola. Slikt kan vere farleg, som nemnt. Flodhestane brukar elles natta på sine 7-8 km lange vandringar der dei et opp mot 60-70 kilo gras på ei natt. På turen fekk vi også sjå giraffar på nært hald, berre 20 meter unna. Dei er fredelege dyr. Etter minuttar med kontakt gjekk dei lett og elegant sin veg. Meir bråkete er apekattane som hoppa hit og dit, spesielt bavianen bryskar seg alltid.
Og vel attende på lodgen om kvelden, med ein god middag på bordet, ute på terassen, 25 grader, flodhestane som grasklipparar 50 meter unna, insekt- og froskelydane fleire desibel over anbefalt grense, fuglane og kven veit om det også var løver i vi høyrde i det fjerne, var vi mett på både safariopplevingar, biff og sol. Dette gløymer vi nok ikkje.
For en fantastisk tur dere har hatt 🙂
Det har vært spennende å følge med på bloggen din Idar 🙂 Mange flotte bilder og levende fortellinger :)):))
Tusen takk!