Safari

Johannes på båtsafari på Nilen
Johannes på båtsafari på Nilen

Etter mildt påtrykk kjem det også eit blogginnlegg om safarituren vår.

Kontrasten er stor frå Lira til ein safarilodge. Murchison Falls National Park er den største nasjonalparken i Uganda, 3480 km2. Gjennom parken renn Nilen, nærare bestemt The Victoria Nile, stille og brei eller som store fossefall, gjennom regnskog, sump og savannelandskap og gjev opphav til eit mangfald av dyr og fuglar. Her lever tusenvis av flodhestar opptil 3 tonn og krokodiller på 5-6 meter, svære beist. Berre elefanten og nashornet er større. Å bade i Nilen ville vere den sikre død. Mennesket er ikkje eit byttedyr for den grasetande hesten, som minner meir om ein svær gris trass i at den næraste slektningen er kvalen, men likevel er det eit av dei dyra som tek livet av flest menneske. Det er faktisk eit av dei mest aggresive dyra i verda. Den vesle båten vår seig sakte forbi store flokkar toppa med ei og anna solslikkande krokodille med halvopen kjeft, tilsynelatande arrogant og lat, likevel alltid på vakt for flodhesten sine knusande kjevar.

Flodhesten lever saman med familien sin heile livet
Flodhesten lever saman med familien sin heile livet

Solslikkande, 4 m lang Nilkrokodille
Solslikkande, 4 m lang Nilkrokodille

Så, endeleg stod dei der, elefantane. Ikkje mange, men for eit syn! Det store dyret 50 meter framfor oss. Opptil 10 tonn, likevel så grasiøs der han utan sut vandrar rundt og et alt av plantar som nøtter, frukt, røter og gras, opptil 200 kg på ein dag. Dei kjem gjerne ned til elva ein gong om dagen for å supe i seg eit par hundre liter vatn. Etter nokre minutt med augekontakt lunta dei inn i skogen att.

Afrikansk elefant
Afrikansk elefant

Den to timar lange båturen gjekk inn til det kjende Murchison Fall, ein foss, 45 meter høg der 300 kubikkmeter med vatn pr sekund vert slusa med stor fart gjennom ei lita kløft, mindre enn 10 meter brei. Utanom dei store dyra fekk vi med oss eit mangfald av ulike fugleartar som ørn, gribb, hegre, stork og mange fleire, i alle fargar. Uganda er kjend for sitt fugleliv.

Murchison Falls
Murchison Falls

Kvit hegre
Kvit hegre

Soloppgang på savannen
Soloppgang på savannen

Bilturen, jeepen, starta tidleg. Klokka halv sju, før sola stod opp, var vi på veg. Det var ei oppleving for seg sjølv å få med seg soloppgangen der vi speida etter giraffar, løver, bøffel, leopard og meir til. Vi hadde eit løynleg håp om å sjå løver. Der er i alt rundt 170 av dei. Etter hektisk telefoni mellom sjåførane trudde vi dei var sirkla inn, men neida, ikkje ei løve å sjå. Og leopardane er som gaupene heime i Noreg, berre få ser dei. Det er heller ikkje så mange av dei. Ingen veit vel kor mange der dei gøymer seg vekk og lever sitt tilbaketrekte liv. Men flokkar med giraffar, ei hyene, sjakalar, villsvin, bøflar, elefantar og fleire slag antiloper såg vi mange av. Vi passerte rett forbi to kjempande hanngiraffar som på forundarleg vis sloss i fleire timar der dei kasta sine lange halsar mot kvarandre med stor kraft. Av og til knekk halsen. Det gjekk bra så lenge vi var vitne.

Giraffar i slosskamp
Giraffar i slosskamp

Ein pussig skapning
Ein pussig skapning

Antilope - Kob (eng)
Antilope – Kob (eng)

Det mest fryktinngytande dyret i Aftika er kanskje bøffelen. Dei kan vere svært farlege og eit menneske ute av bilen er i umiddelbar livsfare. Berre løvene tek bøffel, men det trengs gjerne fleire løver for ei så stor oppgåve. Vanlegvis lever dei fredeleg både i sumplandskap og ute på savannene, der dei et gras kun avbrutt av ein dagleg dose vatn. Vi passerte store flokkar på kanskje fleire hundre dyr. Dei farlegaste, i følge guiden vår, er dei einslege hannane, utstøytt av flokken, kanskje slått lag med eit par andre utstøytte oksar. Vi møtte på nokre, men trygt plassert i det store dyret, bilen, var dei ikkje ein trussel mot oss.

Afrikansk bøffel
Afrikansk bøffel

Det mest nervepirrande augneblinket for oss var på ein fottur neste dag der vi plutseleg høyrde ein stor lyd rett bak oss i skogen. Guiden greip rifla. Det var noko så sjeldan som ein flodhest på land, midt på dagen. Dei ligg vanlegvis i vatnet heile dagen, men det hender at dei går på land om dagen inne i skogen, i ly for sola. Slikt kan vere farleg, som nemnt. Flodhestane brukar elles natta på sine 7-8 km lange vandringar der dei et opp mot 60-70 kilo gras på ei natt. På turen fekk vi også sjå giraffar på nært hald, berre 20 meter unna. Dei er fredelege dyr. Etter minuttar med kontakt gjekk dei lett og elegant sin veg. Meir bråkete er apekattane som hoppa hit og dit, spesielt bavianen bryskar seg alltid.

På fottur blant giraffar
På fottur blant giraffar

Og vel attende på lodgen om kvelden, med ein god middag på bordet, ute på terassen, 25 grader, flodhestane som grasklipparar 50 meter unna, insekt- og froskelydane fleire desibel over anbefalt grense, fuglane og kven veit om det også var løver i vi høyrde i det fjerne, var vi mett på både safariopplevingar, biff og sol. Dette gløymer vi nok ikkje.

Safarilodgen Chobe
Safarilodgen Chobe

Solnedgang over Nilen
Solnedgang over Nilen

Oppsummering frå Lira

Så er det slutt på opphaldet saman med Adina Foundation Uganda. No reiser vi på safari. Det skal bli godt med skikkeleg ferie, sjølv om det ser ut til at regntida allereie har byrja. Vi håpar på nokre dagar sol der òg.

Om vi har ei oppsummering? Tja, litt tidleg kanskje. Mange inntrykk og tankar har festa seg for alltid. Det er vel ikkje tvil om at Adina har gjort eit særleg kritisk og godt val om kva for eit land dei ynskjer å bruke si verdfulle tid og mange frivillige sine pengar på.

Grøderike område - her bomull
Grøderike område – her bomull

Pasjonsfrukt
Pasjonsfrukt

Banantre
Banantre

Appelsintre
Appelsintre

Nord-Uganda er kanskje eit av dei rikaste og mest grøderike landområda i verda, likevel er det eit av dei minst utvikla på kloden vår. Borgarkrigen, med dei mest grufulle avskygningar av brutalitet og barnemishandling, gjorde at FN karakteriserte landsdelen som ein av verdas mest oversette humanitære katastrofer. Fattigdomen er stor, graden av utdanning er lav, kvaliteten på skuletilbodet er dårleg, infrastrukturen er upåliteleg, halvparten av folket er under 15 år, vilkåra for menneske med alle typar utviklings- og funksjonshemming er nesten som for firbeinte, tankesettet til majoriteten av folket er prega av mangel på ynskje om utvikling, korrupsjon er eit svært alvorleg og altomfattande samfunnsproblem, tiltru til dei styrande er fråverande, grådighet og personleg vinning utmerkar seg, alvorleg vald i heimen er velkjend. Lista er mykje lengre. Om lag halvparten av Uganda sitt statsbudsjett er frå utenlandsk bistand og svært mykje av dette går etter alt å dømme til andre enn dei som treng det. Men folk er venlege, sosiale og hjelpsomme. Alltid hyggeleg å gå rundt i byen. Og dei aller, aller fleste borna går på skule. Det er viktig. Spiren til utvikling ligg i folket, det finns draumar her, nokre jobbar hardt for eit betre samfunn og det finns mange smarte og kloke folk her.

Krypande på bakken i 15 år
Krypande på bakken i 15 år

Og endeleg i rullestol
Og endeleg opp ein i rullestol

Adina er kun ein liten med langt frå uviktig brikke i landsdelen. Satsingsområda til denne kompetente organisasjonen passar godt til nokre av dei sentrale utfordringane ein finn på mikronivå i samfunnet. Utfordringane fins overalt, men det er folket ytterst ute i dei små landsbyane som er best gøymt og mest gløymt. Der veks ungar med CP, klumpfot og alvorlege brannskadar opp på dei verste måtar og er heldige om dei er 15 når nokon tilbyr hjelp. Og der ute arbeider Adina utrøytteleg med sine dyktige, lokale folk. Dei kjem ikkje, kastar ut pengar og forsvinn. Dei blir. Måling av effekten og evaluering av arbeidet er i fokus. Dette er ofte mangelvare hjå mange organisasjonar. Eventuell justering og endring vil bli gjort slik at ein sikrar at tid og pengar vert disponert riktig. Dette er ein kontinuerleg prosess for Adina. I tillegg er det her vi kan gje eit bidrag. Utanom at dette er ei unik erfaring for oss er det for ein organisasjon eit kvalitetsstempel å hente inn nye auge utanfrå frå tid til annan for å sjå på om ein har byrja å trakke spor som ikkje gjev ønska effekt. Slikt kan skje i dei beste rekker, også i Adina. Etter å ha besøkt nokre av dei mange foreldregruppene (dvs foreldrene til borna som får behandling på senteret) som Adina jobbar med er vi sikre på at organisasjonen haustar gode resultat. Den fysikalske behandlinga og haldningsarbeidet både til funksjonshemma og andre livsområder får direkte betydning og har gode ringverknader.

Vi takkar Adina for at vi fekk dette høvet til å sjå arbeidet dei driv, sjå det frå innsida. Adina er ein profesjonell orgaisasjon som driv eit svært godt og målretta arbeid for dei som treng det aller mest. Vi har fått med oss ei spesiell erfaring, vi har fått nye vener og vi vonar òg at vårt bidrag vil vere nyttig med tanke på å utvikle det lokale arbeidet i Lira i positiv retning.

SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC

Avslutningsfest saman med fantastiske mennesker og nye vener
Avslutningsfest saman med fantastiske menneske og nye vener

Babies Home

Babies Home
Babies Home

Søster Francis
Søster Francis

Søster Francis viser meg inn. Det første barnet eg møter er ein gut på to dagar. Han er så liten. Eg trur eg kunne halde han trygt i eine handa mi. Politiet fann han slengt i grøftekanten. Etterforsking pågår. Om dei finn foreldrene skal barnet heim. Guten har det bra no. Lever i alle fall.

To dagar og i gode hender
To dagar og i gode hender

Søster Francis fortel også ei anna historie. Faren forsøkte å forlate jenta si ute, men ho fann vegen heim. Då la han henne i ein sekk, snørte att og plasserte henne langt ute i marka. Der fekk rovdyr teften av jenta. Dei hadde rive opp sekken og byrja å ete på henne. Ho vart funnen av ein mann. Han såg 10-12 kyr stå i ring då han kom forbi. Han forstod ikkje kvifor dei stod slik før han såg etter. Kyrne hadde slått ring om jenta for å verne henne mot rovdyr. Han tok henne med til Babies Home. Der var jenta i fleire år før ho fekk seg ein ny heim. No er ho 8 år og lever godt.

Når borna blir rundt tre år får dei flytte heim til slektningar. Foreldre har dei ikkje, men mange får nye foreldre. Det er ikkje vanskeleg å finne adoptivforeldre. Det er nesten alltid folk frå nærområdet. Søster Francis kunne hugse at eitt barn èin gong vart adoptert ut av landet ein gong på 70-talet.

Soverom
Soverom

Babies Home har til ei kvar tid hand om rundt 30 barn. Dei fleste bur der og nokre er hjå slektningar eller andre, men får hjelp frå Babies Home. Det er den katolske kyrkja som driv dette nødvendige arbeidet og tre søstre vekslar på å heile tida vere til stades. Staben er større, rundt 15 ansatte. Her får borna nødvendig pleie og omsorg. Adina støttar med kvalitetsmat og medisinar slik at borna får den næringa og hjelpa dei treng. Eit vellukka samarbeid.

Søster Francis sørger for at vi skriv namna våre i gjesteboka, slik vi har fått for vane å gjere same kvar vi kjem. Alle har gjestebok.

Catch-up-class

Skulehuset
Skulehuset

Klasserommet
Klasserommet

På senteret bur borna i èin, to, opp til tre månader. På denne tida skal dei kanskje gjennom fleire operasjonar og dei skal få ytterlegare behandling og trening. Her lever dei sitt liv – 15, på det meste opp til 25 om gongen. Dei får godt stell frå omsorgspersonar og oppfylgjing av fagfolk.
For at dei ikkje skal gå glipp av for mykje skulegang er det skule på senteret, såkalla catch-up-class. Skuledagen byrjar 9 og varer til 17, med ein lang lunsjpause på midten. Ein lærar på senteret skal legge til rette for opplæring i tråd med det klassetrinnet den einskilde ville gått på. Når dei kjem attende til sin skule byrjar dei att der dei var når dei kom til senteret. Mange av desse borna har på grunn av sin funksjonshemming heller ikkje fått skulegang sjølv om dei er over skulealder.
Når dei er attende på skulen sin vil dei fortsatt ei stund bli fulgt med besøk frå senteret for å sikre at alt går bra.
Teikne huset heime
Teikne huset heime

Formingsaktivitet, leire
Formingsaktivitet, leire

På skulen er tanken å konsentrere opplæringa omkring det grunnleggande innan skriving, lesing, rekning og engelsk. I tillegg er det fokus på psykososial trening som i stor grad omhandlar styrking av sjølvkjensle, sjølvtillit, samhandling og sosiale ferdigheter generelt. Desse borna treng folk rundt seg som viser dei tillit og at dei er likeverdige med andre trass i funksjonshemminga.

På formiddagen er det stort sett teoretisk undervisning og etter lunsj ofte gruppesamtalar, forskjellige uteaktivitetar, formingsaktivitetar el.a.
Det er ikkje lett å oppretthalde høg effektiviteten heile tida. Nokre blir fort slitne, andre har vanskar med konsentrasjonen, atter andre krev svært mykje individuell oppfylgjing. Håpet at dei ikkje berre skal halde seg på det nivået dei var før dei kom, men ha eit fortrinn når dei endeleg er på sin lokale skule.

Foreldrene til borna seier at dei merkar stor forskjell på borna sin motivasjon for skule og læring når dei kjem attende frå senteret og då er trass alt noko av det viktigaste oppfylt i forhold til det skuletilbodet senteret skal gje borna.

Uteaktivitet
Uteaktivitet

Ein lokal skule med 2000 elevar.
Ein lokal skule med 2000 elevar.

Ein elev har hatt sin siste dag på senteret og skal på kostskule
Ein elev har hatt sin siste dag på senteret og skal på kostskule

Fysikalsk behandling

Behandling av klumpfot
Behandling av klumpfot

Det er ikkje tvil om at det er operasjonane og den fysikalske behandlinga av borna som er kjernen og utgangspunktet for alt det andre arbeidet Adina driv. Her får borna lagt grunnlaget for ei ny framtid.

Dei vanlege funksjonshemmingane og skadane er klumpfot, beinbrot og alvorlege brannskadar. Mange har gått med dette i fleire år utan å få hjelp. Fylgjene av dette er stigmatisering og isolering både av borna og familiane. Ikkje minst vert borna i mange tilfelle svært dårleg behandla av sin eigen familie. Eit beinbrot som gror skeivt saman kan gje alvorlege problenm. Ein brannskade kan føre til at armar og hender vert totalt misdanna og ubrukelege. Dessverre ser ein òg at born frå fødselen av er funksjonshemma etter vald i svangerskapet.

Systematisk trening og oppfylgjing gjev resultat og fører med seg endra status heime i landsbyane og på skulane dei kjem attende til. Det vert mogeleg for dei å klare seg godt og mange vert heilt friske.

Før og etter
Før og etter

Før og etter
Før og etter

Operasjonane vert gjennomført på CoRSU Rehabilitation Hospital and Rehabilitation Centre, eit privat sjukehus i Kampala. Legane der og fysioterapeutane hjå Adina jobbar saman for gode resultat. Sjukehuset utfører operasjonane gratis og Adina står for transport av born og foreldre og sørger for deira opphald i Kampala. Eit svært vellukka samarbeid.
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
Og Adina sine fysioterapeutar, tre i talet, er dyktige. Det er ikkje lett å finne kompetente fagfolk.
Det er rekna ut at talet på born med funksjonshemmingar i Lira distrikt, der Adina no konsenterer sitt arbeid, er rundt 1000. Her er ikkje mange aktørar som arbeider for å endre livsgrunnlaget for desse borna og familiane slik Adina gjer. Og behovet er stort.

Matforgiftning

Så eit blogginnlegg utan bilder, naturleg nok! Matforgiftning er ikkje så greit, sjølv om vi nok var heldige som ikkje hadde det verre. Ein les så mykje rart om slikt. Vi har eliminert malaria, kolera og andre skumle tropesjukdomar og konkludert med dette: matofrgiftning. Ikkje at nokon har prøvd å forgifte oss, vi er berre omgitt av vener (!), men slikt skjer. Det skriv seg nok frå eit middagsbesøk heime hjå ein ven her for eit par dagar sidan. God mat forresten, men eit par timar etterpå…. Har holdt senga nokre dagar, forhåpentlegvis siste dagen i dag. Behandlinga er kun drikke, drikke, drikke og helst tilførsel av litt næring. Eg har lest meg til at antibiotika ikkje hjelper. Matforgiftning er ikkje ein bakterieinfeksjon, men kjem av bakteriar i maten som lagar toxiner, giftstoff i maten. Dette får ein i seg og blir sjuk. Det går over av seg sjølv. Johannes har forresten ikkje vore særleg plaga. Han er frisk no og eg reknar med å vere på beina i morgon.

Grisefarmen

Eit praktfullt grisehus
Eit praktfullt grisehus

Adina er avhengig av pengar frå bedrifter, skular og privatpersonar som deltek gjennom fadderordninga, http://www.adina.no/bli-fadder/. Men dei sit likevel ikkje med hendene i fanget og ventar på pengar utan sjølv å bidra til eigne inntekter. Grisefarmen vart etablert som eit reint kommersielt prosjekt. Etter mykje om og men vart godkjenning gitt til bygging av eige grisehus, eit kostbart foretak som etter kvart vil vise seg å bli ei god inntektskilde for Adina. Etter ein godt planlagt og målretta start med 5-6 griser har dei no 70 griser og vil etter planen ha om lag 300 griser i løpet av desember. Pr i dag har dei 3-4 ansatte med Jasper som leiar for prosjektet. Han er ein godt utdanna mann med god greie på grisedrift. Han driv effektivt og planmessig. Ingen ting er tilfeldig når det gjeld utvelgjing av griser, logostikk og ekspansjon av bedrifta. Utfordringane, i motsetning til birøkting, er fleire. Sjukdom hjå grisene er vanleg her og mange har liten kompetanse om dette. Jasper derimot, er klar over utfordringane. Dei hygieniske forholda vert ivareteke med høgast mogeleg presisjon, innkjøp av fôr er nøye gjennomtenkt, innkjøp av griser er blitt handsame med stor forsiktighet. No er dei ikkje lenger avhengige av slike innkjøp – dei avlar opp nok eigne griser til å ivareta produksjonen. Dei dyrkar òg så mykje av sitt eige fôr som mogeleg og utviklar dette stadig. Åkrar med ulike grønnsaker og anna. Alt er imponerande gjennomtenkt! Jasper har også planar om ekspansjon. Han vil kjøpe meir land til dyrking av fôr og byggje fleire grisehus. Ikkje eit slikt dei har i dag, som er meir å rekne for eit demonstrasjonsbygg, men eitt med enklare standard og likevel godt nok til høg kvalitet på produksjonen. I løpet av året er denne farmen sannsynlegvis den største i Nord-Uganda og han ynskjer å klatre til topps i Uganda. Ein må sikte høgt for å lykkast. Så styrer sjølvsagt Adina utviklinga etter kyndig rettleiing også frå dyktig, norsk ekspertise slik at sunn drift vert ivareteke.
Og markedet er godt. Svinekjøt er ikkje det mest vanlege i Uganda, men etterspørselen er høg og aukande og prisane er gode. Målet er faste leveranseavtalar med hotell og andre. Problemet for blant andre hotella her er mangel på forutsigbar og påliteleg levering av kjøt og dette ser ut til at Adina etter kvart vil klare å imøtekomme. Vi på vår side gjer det vi kan for å styrke etterspørselen. Vi spør etter BLT til middag kvar dag på hotellets restaurant, men får ofte svaret at «Dessverre, vi har ikkje bacon.» Vi vonar at om vi kjem att om eit år, så får vi ikkje det svaret.
Solcellepanel og eiga vannforsyning
Solcellepanel og eiga vannforsyning

Bingar med god lufting
Bingar med god lufting

Ei purke kan gje 6-10  grisungar
Ei purke kan gje 6-10 grisungar

Med dette prosjektet får Adina også eigne bein å stå på. Det vil ventande gje stabil og sikker inntekt. Men du som les må ikkje la deg friste til å tru at denne inntekta nokon gong vil vere tilstrekkeleg til å drifte Adina sitt arbeid i Uganda. Behova og utfordringane er svært store med tanke på arbeid med funksjonshemma. Adina jobbar heile tida konstruktivt og målretta med å utvide, utvikle og evaluere sitt arbeid og grisefarmen vil aldri bli meir enn eit godt bidrag, samtidig som det er ei svært viktig inspirasjonskilde og positivt eksempel for bønder som kan tenkje seg å satse på grisehold. Dei ser med dette at det er mogeleg å få til og at Adina gjennom sin farm kan gje nødvendige råd til oppstart og drift.
Alle gjester får utdelt farmen sine eigne støvlar
Alle gjester får utdelt farmen sine eigne støvlar

Jasper fortel om drifta
Jasper fortel om drifta

Som ein parantes kan vi for øvrig også referere kommunens viseformann sine ord frå kurset om birøkting (sjå forrige blogginnlegg.) Ut frå hans erfaring som mangeårig politikar er støtte til små organisasjonar heilt klart den mest effektive og beste kanalen å gje bistand på. Dette kan nok diskuterast. Likevel, han seier at desse klarer å fullføre arbeidet heilt ut til landsbyane der hjelpa trengs mest. Han påpeikar at problemet med korrupsjon er stort og å sende pengar direkte til landets regjering dessverre medfører tap av mange bistandskroner. Dei små jobbar og fylgjer opp sine prosjekt så lenge det trengs og sørger for hjelp til sjølvhjelp på ein god måte. No varierer nok kvaliteten også på små organisasjonar, men ut frå mitt innblikk i Adina sitt arbeid her, så er denne organisasjonen absolutt å anbefale.

Birøkting

SAMSUNG CSC
Vi har vore på kurs i birøkting. Og i dag er vi verkeleg imponert over Adinas treffsikkerhet. For i dette prosjektet stemmer alt. Alle kan klare det. Det er enkelt å settje i gong, enkelt og billig å drifte, biene kjem av seg sjølv, dei finn maten sjølv, dei lagar honningen sjølv, det finns få sjukdomar og fiendar, markedet er godt, innteka god. Kva meir kan ein forlange? Den største fienden er faktisk sjalu naboar og andre som stjel honningen frå dei, men med litt planlegging og å vere litt raus med å gje naboane litt gratis honning i ny og ne, så kan dette forhindrast.
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
Kurset var av høg klasse, eit tilbod for foreldrene til borna på senteret. Nesten 30 frammøtte ville lære og vil i neste omgang få praktisk starthjelp og oppfylgjing frå Adina. Dei som vil starte opp får 3 bikuber kvar og kan ekspandere etterkvart. Ein erfaren birøktar, ein lokal venn av Adina, loste forsamlinga motiverande gjennom alle hinder som kan oppstå gjennom dei ulike syklusane. Dei haustar 4 gongar i året og ingenting går til spille. Prosessen etter hausting er avhengig av kvaliteten ein ynskjer og kva ein skal bruke honningen til. For god kvalitet må honningen kokast opp for å skille ut voksen. Denne vil bli seld til voksing av møblar, golv m.m. Den reine honningen blir pakka og seld på markedet, event sendt til Kampala for salg der. Kiloprisen er god. Med 5 bikuber kan ein tene 5-600000 shilling i året, dvs opp til 1400 kr. Ei gjennomsnittleg månadsinntekt for ein universitetsutdanna lærar er til samanlikning ca. 200000 shilling pr mnd. For ein fattig familie langt ute i landsbyane her er ei slik inntekt overveldande og gjev muligheten for å sende alle borna på skule og seinare klare å betale for ei høgare utdanning for dei. For pengane kan dei også investere i fleire bikuber. Myndighetene har også eit prosjekt der dei subsidierer birøkting ved å støtte med halve prisen for ei kube, dvs at bonden sjølv må betale 75000 shilling. Dette er også ein stor sum for mange. Vi besøkte ein birøktar som hadde fått starthjelp frå Adina. Han hadde no 11 bikuber og høgskuleutdanning for dei 5 borna er sikra. I tillegg til mange bikuber var garden velstelt med større åker enn dei fleste, ein liten bananplantasje og andre frukttre til eige bruk. Ein arbeidssam, målbevisst og flink mann.
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
På kurset fekk vi også besøk av viseformannen for kommunen der vi var. Han var svært imponert og lova å støtte Adina sitt prosjekt, sørge for god framdrift og sikre suksess. Gratulerer til Adina!!

Children Of Peace

SAMSUNG CSC
Mange har høyrt om rebellen Joseph Kony og hans geriljagruppe LRA (Lord`s Resistance Army), kanskje gjennom filmen Kony2012. Denne var ein del av ein svær Facebook-kampanje igangsatt av ildsjeler i USA. Kony sine herjingar i Nord-Uganda har drept kanskje så mykje som 70000 menneske og bortført ca. 35000 born mellom 5 og 15 år. Desse har blitt brukt som soldatar og sexslavar. Dei har blitt tvinga til å drepe sine søstre og brødre, mor og far, brenne heimane sine, i den hensikt at dei ikkje skulle ha nokon å flykte attende til. Alternativet var å sjølv bli drepne på dei mest grufulle måtar, med masjete, stein, bli brent, slått i hjel eller det som meir utspekulert er. Det ser ut til å ikkje vere grenser for djevelskap. Alle har dei vore vitne til at dette har skjedd. Nokre av dei har drept fleire hundre. Kvifor? Dei fleste meinar det er pur ondskap. Han sjølv forklarar det nærast religiøst, der han har som mål å etablere eit teokratisk styre i Uganda, basert på den kristne bibel og dei 10 bod. I 2008 kunngjorde den internasjonale straffedomstolen (ICC) ein tiltale og arrestordre mot han og fem av hans kommandantar for forbrytelsar mot menneskeheten, drap, slaveri og valdtekt, plyndring og bortføring av born til sin geriljahær. Mange born var der i fleire år og fødde etterkvart born i fangenskapet og også desse har opplevd fryktelege ting. Mange av desse har klart å flykte. Det vart etablert store flyktningeleirar med opptil fleire tusen born i kvar leir forskjellige stadar i Nord-Uganda. Enno i dag herjar LRA i Kongo og Sør-Sudan.
SAMSUNG CSC
Desse etterkvart vaksne, med sine born, er det Children Of Peace Uganda (http://childrenofpeaceuganda.com/our-team/) jobbar med. Grunnleggar og leiar Jane Ekayu har reist rundt i verda med sine foredrag om saka. CPU er ein av samarbeidspartnarane til Adina. Ved registrering og filtrering av born frå landsbyane får nokre oppfylgjing av CPU, andre av Adina. Vi hadde møte med Jane. Ho fortalte om born utan foreldre, om traumer etter fangenskapet, om grusomme minner som fører med seg søvnproblem, angst, depresjonar, skuldkjensle, skam, isolasjon. Om prosessane med å reparere trekkjer ho fram perspektivet med forsoning som avgjerande. Det ligg djupt i folket her viktigheten av å kome saman for å legge frå seg konfliktar og finne løysingar. Dette er i alle si interesse fordi alternativet er øydelegging for familiar og heile samfunn. Omgrepet Ubuntu eksisterer ikkje berre i Sør-Afrika. Det strekkjer seg langt nordover i Afrika og definerer haldningar som samhald, medmenneskelighet, at vi ikkje er til for oss sjølv men berre gjennom at andre ser oss og verdset oss. For å visualisere og hjelpe borna i dette arbeidet snakkar dei om slangen som bit oss og sprøytar inn gifta i kroppen. Kva skal du gjere? Drepe slangen? Hjelper det djupast sett? Det viktige er å få ut gifta slik at du kan bli frisk og leve livet vidare. Dette er det dei gjer. Borna teiknar. Det er surrealistisk. Dei teiknar folk som drep, teiknar seg sjølv som tek livet av mor si og far sin, dei dramatiserer, blir eksponert for det dei har opplevd. Deretter får dei individuell oppfylgjing og gruppeterapi, reetablering av positiv sjølvkjensle – at dei ikkje kan klandrast for det som har skjedd, at dei er viktige – like viktige som alle andre. Det finns fleire små organisasjonar som driv dette arbeidet, nokre bra, nokre mindre bra. Det er ei utfordring å innhente god fagleg kunnskap, samt kvalitetssikre og evaluere den langsiktige effekten på ein profesjonell måte. Det er eit møysommeleg, komplekst og tålmodig arbeid som må leggast ned for å bygge landet på nytt og reinkludere desse borna i lokalsamfunna som dei kjem frå.
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC

Landsbybesøk

SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
Så var tida endeleg komen for landsbybesøk. Adina driv eit mangfaldig arbeid. Til no har vi stort sett vore på senteret og fulgt arbeidet med fysioterapi og skule. Borna på senteret er filtrert og klarert gjennom eit samarbeid med lokale myndigheter etter bestemte kriterier. Familiane til borna som får tilbod om opphald på senteret er også med i ulike delar av Adina si verksemd. Dette er hjelp til inntektsbringande arbeid, opplæring omkring vern av barns velferd og rettar, forebygging av vold i heimen, skrive/lese/rekneopplæring for foreldre, spare og låne-grupper, relasjonsbyggande trening for familien m.m. Denne delen av arbeidet var det vi besøkte no. Etter ein køyretur på ein smal sti, med høgt gras, kratt, sump, banantre, rullestolane på taket skrapande opp i greiner frå mangotre, kom vi til ei klynge med runde jordhytter og stråtak. Hønene og kyllingane sprang rundt, geitene like så. Hanen, den største eg har sett, var meir verdig. Ingen stress der i garden.
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
Vi var venta. Dei tok imot oss med song, dans og trommer, blomster i håret, smilande og venlege ansikt. Polonaise der vi sjølvsagt vart innlemma tok oss fram til samlingspunktet mellom hyttene. Litt pinleg å vere dei som kan settje seg ned på stolar medan landsbyfolket sit på bakken. Vi er ikkje vane med slikt. Men her er dette teikn på djup respekt og glede over å kunne ta imot besøk. Så byrja rituala med bøn, forklaringar og presentasjonar. Dette er svært nøye og kan ta lang tid. Alle fortel kven dei er, kva slags funksjon dei har, kva som er gjort, hensikt med møtet osv, også vi. Helsingar høyrer med. Slik er det i alle samanhengar der folk set seg saman i eit møte. Vi fekk også ein presentasjon av låne- og spareordninga med framvising av pengekassa med tre hengelåsar, som kan opnast kun med dei tre som har nøklane til stades samstundes. Så gjennomgang av summane som er spart, ganske imponerande faktisk. Lån som vert tekne opp og betalt attende med renter, går til ulike formål som mellom anna oppstart av inntekstbringande verksemd og skulepengar til borna.
Så var det dans att, som breakdance heime. Alle, i alle fall gjestane, måtte inn i ringen og vise seg fram med improvisert dans.
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
Deretter byrja arbeidet vi var komne for å gjere; gjennomføre ei undersøking omkring effekten av Adina sitt arbeid med borna og i landsbyen generelt. Vi intervjua ca 20, èin om gongen , som var eit stort antal av dei vaksne der. Resultatet skal inn i rapportar til ulike sponsorar, men viktigast er at det skal føre til ei betring av arbeidet Adina driv. Folk er jamt over svært fornøgd. Spesielt trekkjer dei fram at Adina fylgjer opp arbeidet som er satt i gong – dei startar ikkje opp og så trekkjer seg attende før ein veit at tida er inne for det. Representativt for alle fortalde ein ungdom på 17-18 år rørande om dramaarbeidet knytt til problema med familievald. Dei lagar dramastykke med illustrasjon av problema i ein familie og korleis konsekvensane av dette kan øydelegge ein familie og eit samfunn. Så spelar dei det motsatte, nemleg kva som kan skje når familiemedlemmane tek vare på kvarandre og bevisst jobbar fram gode relasjonar. Dette gjev svært effektiv læring og som han sa med tårer i augene: «Now my parents love each other.» Det formidlar om ikkje anna hans takksemd over meir glede og tryggleik i famlien. Så og seie alle intervjua viste det same.
Så var vi ferdige. Nye helsingar og oppsummeringar, avsluttande bøn og ynskje om lukke og velsigning over vidare arbeid.