Søster Francis viser meg inn. Det første barnet eg møter er ein gut på to dagar. Han er så liten. Eg trur eg kunne halde han trygt i eine handa mi. Politiet fann han slengt i grøftekanten. Etterforsking pågår. Om dei finn foreldrene skal barnet heim. Guten har det bra no. Lever i alle fall.
Søster Francis fortel også ei anna historie. Faren forsøkte å forlate jenta si ute, men ho fann vegen heim. Då la han henne i ein sekk, snørte att og plasserte henne langt ute i marka. Der fekk rovdyr teften av jenta. Dei hadde rive opp sekken og byrja å ete på henne. Ho vart funnen av ein mann. Han såg 10-12 kyr stå i ring då han kom forbi. Han forstod ikkje kvifor dei stod slik før han såg etter. Kyrne hadde slått ring om jenta for å verne henne mot rovdyr. Han tok henne med til Babies Home. Der var jenta i fleire år før ho fekk seg ein ny heim. No er ho 8 år og lever godt.
Når borna blir rundt tre år får dei flytte heim til slektningar. Foreldre har dei ikkje, men mange får nye foreldre. Det er ikkje vanskeleg å finne adoptivforeldre. Det er nesten alltid folk frå nærområdet. Søster Francis kunne hugse at eitt barn èin gong vart adoptert ut av landet ein gong på 70-talet.
Babies Home har til ei kvar tid hand om rundt 30 barn. Dei fleste bur der og nokre er hjå slektningar eller andre, men får hjelp frå Babies Home. Det er den katolske kyrkja som driv dette nødvendige arbeidet og tre søstre vekslar på å heile tida vere til stades. Staben er større, rundt 15 ansatte. Her får borna nødvendig pleie og omsorg. Adina støttar med kvalitetsmat og medisinar slik at borna får den næringa og hjelpa dei treng. Eit vellukka samarbeid.
Søster Francis sørger for at vi skriv namna våre i gjesteboka, slik vi har fått for vane å gjere same kvar vi kjem. Alle har gjestebok.